I dag, 27 mars, vert Voss kommune sine nye nettsider formelt opna. Dermed har alle kommunane i nærområda nettsider. "Dei kjem seint, men dei kjem godt" uttalar ordførar Bjørn Christensen til NRK Hordaland. Sjå nettsidene til Voss kommune
Hardangerportalen ønsker til lukke med dei nyopna nettsidene til Granvin herad.
Sidene finn ein her: Granvin herad
Med dette har alle Hardanger-kommunane fått eigne kommunale informasjonssider.
Det skal bli lettare for vaksne som ynskjer meir utdanning å få god rettleiing. Prosjektet ”Kunnskapsnettverk Indre Hordaland” har gitt tilbod om innføringskurs i rettleiing og læring til ulike organisasjonar som har kontakt med vaksne utdanningssøkjande.
Kvam herad og Ulvik herad er saman med seks andre kommunar, ein fylkeskommune og eitt bibliotek nominert til prisen Årets nettkomune 2002. Vinnaren vert offentleggjort 6. mai.
Tirsdag 19 februar 2002 inviterte Kvamnet AS og Nera Wireless Broadband Access (WBA) til breibandsseminar på idylliske Sandven Hotell i Norheimsund.
Høvet var opninga av det nye nettet som Kvamnet og Nera har bygd ut i Kvam, og er i ferd med å bygge ut i Jondal.
Ulvik herad sine nye internettsider vart offisielt opna måndag 17.desember.
Nettsidene baserer seg på ei løysing i frå Acos. Saman med generell informasjon frå Ulvik herad, finn ein postlister, møteplanar, sakslister og vedtak gjennom programmodulen "ACOS Innsyn" frå Acos.
Kommunalminister Erna Solberg seier ho ynskjer å hjelpa Ålvik med å få fleire arbeidsplassar. Vilkåret er at fleire kommunar i Hardanger må gå saman om å søkja omstillingsmidlar.
Hardangerrådet er eit interkommunalt organ eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Odda, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Regionrådet arbeider med saker av felles verde for ei positiv utvikling i Hardanger.
Her gjengir vi siste utgåva av Nyhendebrevet frå Hardangerrådet.