| Ver varsam
- plakaten for Hardangerportalen Kjelde til plakaten er "Etiske normer for pressa (trykt presse, digitale medier, radio og fjernsyn)" av Norsk Presseforbund, med forslag til endringar henta frå Norsk Presseforbund sine nettsider. |
|
| 1 | Samfunnsrolla til pressa |
| 1.1 | Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. |
| 1.2 | Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk. |
| 1.3 | Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. |
| 1.4 | Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. |
| 1.5 | Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre. |
| 2 | Integritet og ansvar |
| 2.1 | Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i avisa, bladet eller kringkastingssendinga eller innhaldet i dei digitale utgåvene. |
| 2.2 | Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om sin integritet og sitt truverde for å kunne opptre fritt og uavhengig i høve til personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet. |
| 2.3 | Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta på seg oppdrag eller verv som skaper interessekonfliktar i høve til dei redaksjonelle oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekkje truverdet deira. |
| 2.4 | Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordelar. |
| 2.5 | Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjere noko som strir mot hans eller hennar eiga overtyding. |
| 2.6 | Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt, og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den uavhengige pressa. |
| 2.7 | Gi aldri tilsagn om redaksjonelle motytelser for reklame. Det som vert gjort offentleg, skal vere resultatet av ei redaksjonell vurdering. Sørg for at lenkjer eller andre koplingar fra redaksjonelt område ikkje svekker det klare skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon. |
| 2.8 | Det er i strid med god presseskikk å la sponsing påverke redaksjonell verksemd, innhald og presentasjon. |
| 2.9 | Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta mot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga. |
| 3 | Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene |
| 3.1 | Vis respekt for menneskers privatliv og personlige forhold. Ta spesielt hensyn til mennesker i en vanskelig livssituasjon |
| 3.2 | Pressa styrkjer truverdet sitt ved at kjeldene for informasjon vert identifiserte, med mindre dette kjem i konflikt med behovet for å verne kjeldene. |
| 3.3 | Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte. Dersom det vert brukt anonyme kjelder, må det stillast særlege krav til kjeldekritikken. |
| 3.4 | Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar. |
| 3.5 | Vern om kjeldene til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon. |
| 3.6 | Gi ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gitt fortruleg, dersom dette ikkje er uttrykkjeleg avtalt med vedkomande. |
| 3.7 | Av omsyn til kjeldene og til at pressa skal vere uavhengig, skal upublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande. |
| 3.8 | Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal givast att presist. |
| 3.9 | Endring av utsegner som er gitt, bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale. |
| 3.10 | Vis særleg omsyn overfor personar ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttalar til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. |
| 3.11 | Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse. |
| 4. | Publiseringsreglar |
| 4.1 | Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon. |
| 4.2 | Gjer klart kva som er faktiske opplysningar, og kva som er kommentarar. |
| 4.3 | Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje vedkjem saka. |
| 4.4 | Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning for i stoffet. |
| 4.5 | Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare. |
| 4.6 | Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse. |
| 4.7 | Ver varsam med bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn i kriminal- og rettsreportasje. Vis særleg omtanke ved omtale av saker som er under etterforsking, og i saker som gjeld unge lovbrytarar. Identifiser ikkje når det ikkje er nødvendig for å tilfredsstille rettkomne informasjonskrav. |
| 4.8 | Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker. Det er pressa si plikt, i alle sammenhengar, å tenkje gjennom kva konsekvensar medieomtalen vil kunne få for barnet. Dette gjeld også når pårørande har gitt sitt samtykkje til eksponering. |
| 4.9 | Sjølvmord eller sjølvmordsforsøk skal som hovudregel ikkje omtalast. |
| 4.10 | Ver varsam med bruk av bilete i andre samanhengar enn den opphavlege. |
| 4.11 | Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukte som dokumentasjon, må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje. |
| 4.12 | Det gjeld dei same krava til aktsemd for bruk av bilete som ved skriftleg og munnleg framstilling. |
| 4.13 | Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd. |
| 4.14 | Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttale seg eller medverke til debatt. |
| 4.15 | Dei som vert utsette for angrep, skal så snart råd, få høve til å svare, med mindre angrep og kritikk går inn som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Tilsvar skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk. Ha som krav at tilsvaret har rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. |
| ORD OG BILETE ER MEKTIGE VÅPEN, MISBRUK DEI IKKJE! |